Om meg
Praksis
Eg har praktisert som logoped sidan februar 2018. I desember 2020 starta eg på fulltid som privatpraktiserande logoped i Gjøvik. Praksisen blei flytta heim til vestlandet og Arna bydel hausten 2021.
Frå februar 2018 til desember 2020 jobba eg 100% i Sykehuset Innlandet Gjøvik. Stillinga var fordelt på 50% i spesialisthelsetenesta ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (Solås) og 50% ved medisinsk avdeling på sjukehuset.
Utdanning
Våren 2018 fullførde eg Erfaringsbasert master i logopedi ved NTNU i Trondheim. Masterprosjektet mitt var Parkinson sjukdom og tale- og stemmerelatert livskvalitet – ein litteraturstudie med vekt på subjektive opplevingar. Hovudmålet med prosjektet var å få innsikt i og setje søkelys på korleis personar med Parkinson sjukdom opplever livskvaliteten i samband med tale- og stemmevanskar. Eg har førskulelærarutdanning ved Høgskulen i Bergen (våren 1999) som grunnutdanning.
Kurs og sertifiseringar
- NMES (Nevromuskulær elektrostimulering) med VitalStim i behandling av spise- og svelgevanskar
- Fagperson i ParkinsonNet
- PLVT og LSVT LOUD (intensiv tale- og stemmetrening)
- Modak (ein strukturert framgangsmåte i afasiundervisninga)
- DIAS (Testverktøy for diagnostisering av erverva taleapraksi hos vaksne)