Henvisning/tilvising

Eg har direkteoppgjer med Helfo (Helseøkonomiforvaltninga). Det betyr at du som kunde ikkje betalar noko dersom du har korrekt tilvising etter Folketrygdlova (sjå Lovverk under). 

Dersom du ikkje har tilvising frå lege må du dekke utgiftene sjølve. 

Ved for seint avbestilt time/ikkje-møtt til time må du også dekke utgiftene sjølve (sjå meir informasjon under Prisar).

For å få dekka utgiftene til logoped er kravet frå Helfo at du har tilvising (henvisning) frå autorisert lege før behandlinga kan ta til (det treng ikkje vere fastlegen). 

Følgjande krev Helfo at legen har med i tilvisinga:

  1. Dato for legens vurdering
  2. Helserelatert/medisinsk diagnose 
  3. Beskriving av behov, må vere av vesentleg betydning for din sjukdom/funksjonsevne 
  4. Helsepersonellnummer, namn og underskrift på tilvisande lege 
  5. Ved stemmevanskar ligg ofte diagnose og beskriving frå ØNH-spesialist til grunn for behandlinga
  6. Kan du komme til kontoret? Eller har du medisinsk behov for heimebesøk? Då treng du også beskriving og grunngjeving frå legen din kva den/dei medisinske årsakene er (sjå eiga avsnitt under).
  7. Behov for Pasientreiser? Då treng du medisinsk grunngjeving frå lege (sjå eiga avsnitt under).

Tilvisninga må sendast per post, eventuelt via Digipost bedrift. Eg har ikkje tilgang til Norsk helsenett.

Medisinsk behov for heimebesøk?

Ved behov for heimebesøk treng du beskriving og grunngjeving av medisinsk årsak for dette av ein autorisert lege (også etter krav frå Helfo). 

Det er ikkje nok at det står "helsemessig/medisinsk behov", "svært ønskelig" eller "sterkt anbefalt". 

Beskrivinga/grunngjevinga av medisinsk årsak må stå på tilvisinga eller som eiga legeerklæring. 

Mogeleg årsak (med forbehold, då det er legens ansvarsområde):

  • Alvorleg redusert bevegelseshemming, slik at reise til behandling er svært belastande eller umogeleg
  • Kognitiv svikt eller demens
  • Alvorlig utmatting (Fatique)
  • Svelgevanskar (dysfagi) med fare for feilsvelging (aspirasjon til lungene) som krev måltidsobservasjon i ditt naturlege miljø
  • Svekka immunforsvar/ekstremt infeksjonsutsett og bør unngå offentleg transport og venterom
  • Psykiske lidingar som er til hinder for å reise ut
  • Ved intensiv trening. Vurdering for om det er medisinsk forsvarleg å reise til logoped 3-5 gonger i veka i 3-6 veker. Kva er i tilfelle helsemessig utfordrande? Til dømes tilbyr eg NMES (nevromuskulær elektrostimulering) med VitalStim som berre blir tilbydt som intensiv behandling (minimum 3x i veka i 3-4 samanhengande veker). 

Behov for Pasientreiser? Sjå eiga fane

Ønsker du korrekt tilvising og unngå forsinka oppstart? Då anbefaler eg at du viser til nettstaden min når du kontaktar din lege. Det er ikkje alltid legen er klar over kva informasjon Helfo krev. Du kan også kontakte meg og be meg sende eit informasjonsskriv på e-post som du kan ta med til legetimen. 

Lovverk

Retten til å få dekka utgifter til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped er heimla i Folketrygdlova § 5-10. Det er eit vilkår for rett til stønad at det ligg til grunn tilvising frå lege. Behandlinga må vere av vesentleg betydning for personens sjukdom og funksjonsevne.


Lag din egen hjemmeside gratis!